Ukas NFFOer
Gudmund Skjeldal
Det er langt fra Wimbledon til Bergen. Men ikke i bokform. Bare spør Gudmund Skjeldal.
Forfatter og Morgenbladet-spaltist Gudmund Skjeldal har to bøker i butikkene denne høsten. Wimbledon. Der graset er grønast og Vestover. Bergens Tidende i 150 år, begge på Cappelen Damm. Enormt spenn, tematisk; fra det grasiøst, vakre til det rabulistiske, vestlandske, holdt vi på å si. Men det mente vi ikke.
– De fleste forfattere har mer enn nok med én bok om gangen. Du har altså to ute i høst. Hvor mange timer har ditt døgn?
– Wimbledon kom vel eigentleg i vår. Den boka byrja i ein lidenskap eg har hatt heilt sidan McEnroe og Borg spelte finalane på Centre Court i 1980 og 1981. BT kjenner eg også frå min barndom, men Vestover er først og fremst resultat av arbeid dei to siste åra. Og det siste halvåret har eg nok sove litt lite, er eg redd.
– La oss ta tennisen først: dette har vi ikke ventet fra en kar fra Voss, med dype skispor bak seg. Som vi vet fra Herbjørn Sørebø: «Bønder spelar ikkje tennis». Hvorfor denne fascinasjonen?
– Nettopp ein bondeson som veks opp med slått og med silolegging og med hesjing, kan kjenna dragninga av dei nystrokne plenane i Wimbledon. På det nykjøpte fargefjernsynet skein det grøne graset mot oss. Meir evig: Tennis er ein idrett som kan minna om kunst, med nydelege linjer, ballettaktige rørsler, og dramatiske kontrastar mellom “in” og “out”.
– Hvem er din yndlingsspiller gjennom tidene – og hvorfor?
– Han er høgst nolevande: Roger Federer. Han er ein såkalla linjespelar som lagar dei mest utrulege – og vakraste – ballbanane. Dessutan er han den eldste av spelarane no. Dermed kan ein halvgammal vestlending identifisera seg med sigrane hans, som når han i Wimbledon i år tar sin 8. siger i den mest tradisjonsrike turneringa av alle. Eg har også hatt store glede av å følgja Serena Williams gjennom nederlag og motgang til nye triumfar.
– Så setter vi over til Bergen. Du har skrevet en bredt sammensatt, idéhistorisk beretning om Vestlandets største avis. Hvor viktig har Bergens Tidende vært for Bergens nyere historie?
– Bergens TIdende byrja i den vesle byen Bergen, i 1868. Men ideen til grunnleggaren Eide og redaktørane under han var å bygga Vestlandet. Når ikkje vestlendingar tok del i ordskiftet om vegar og jernbanar, då tapte heile landet på det. Og BT har vore med å bygga ein heil landsdel – både konkret gjennom transportårene, og meir ideologisk som å styrka motkulturane – som nynorsk – og motmaktene til hovudstaden. På grunn av sentraliseringstendensane ikring Oslo har det vore lett for BT å vera ei avis for både by og bygd, borgarar og bønder på Vestlandet. Om dette Vestlandet kunne vore gjort endå større, slik at både Rogaland og Møre og Romsdal kunne bli famna av regionsdanningane i våre dagar, er eit anna spørsmål. BT har i alle fall prøvd å strekka seg så langt det går, frå høge fjell og til dei yste kystane.
– Du har skrevet 150 års-historien. Gitt mediesituasjonen: vil BT oppleve sitt 200 års jubileum?
– Godt spørsmål. Dei teknologiske omveltingane er enorme, frå fullformat før 2006 til den vesle smarttelefonen i handa di i dag. Lesarmønstra er også i radikal endring. Utfordringa for alle mediehus i Norge er å få tak i inntektene som finst i den digitale verdsveven, og dermed å klara seg i konkurransen med internasjonale gigantar som Facebook og Google. Svaret på spørsmålet ditt er såleis avhengige av dei vala som kvar enkelt av oss gjer, og av statlege grep som handlar om skatt, rett og slett.
– Helt til sist – og helt ærlig: hva skal vi gjøre med bergenserne?
– Feil spørsmål. Kva skulle vi gjort utan bergensarane? Vi kan ikkje alle vera blide og overflatiske austlendingar. Vi treng trassige vestlendingar, og høgrøysta nordlendingar – og begeistra bergensarar.
– Ok, da.