Ukas NFFOer
Kristin Fridtun
Kjønn er ei fascinerande smørje – og ein kategori som blir brukt til å underkua folk og påføra dei smerte. Slakkare kjønnsnormer ville ha gagna oss alle, sier Kristin Fridtun.
29. oktober ble Kristin Fridtun tildelt Bokhandelforeningens sakprosapris for sitt forfatterskap. Prisen er et samarbeid mellom Bokhandlerforeningen og Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFF) og skal gå til en ung, norsk sakprosaforfatter.
Kristin Fridtun er for å sakse fra hens hjemmeside – «forfattar, filolog, skeiv, nynorsking, kåsør, føredragshaldar m.m.». Og nå altså: Ukas NFF-er.
I 2015 utkom hen med boka Kjønn og ukjønn, som ble godt mottatt av kritikere og lesere.
- Med denne boka har du valgt en original vei inn i språkdebatten ved å belyse hvordan språket vårt er bærer av verdier og holdninger knyttet til kjønn. Hva har vært dine hovedfunn fra våre daglige språk?
- Det er i og for seg ikkje nytt å undersøkja og visa korleis haldningar og kjønnsnormer er innbaka i språket: Det har feministar halde på med sidan 70-talet. Tenk berre på Egalias døtre (1977) av Gerd Brantenberg, der ord som menneske og man er utskifte med kvinneske og dam. Men det som kan seiast å vera nytt i boka mi, er at eg brukar historia til ordet kjønn som springbrett inn i kjønnsdebatten. Eg hevdar at dersom me skal diskutera kjønn, må me vita noko om ordet kjønn. Eller rettare sagt: Eg meiner at det er umogleg å skilja dei to tinga frå kvarandre. Ei historisk gransking av kjønn viser at ordet har blitt brukt på mange ulike måtar, og at den moderne bruken er resultat av kulturelle omskifte. Tradisjonelt har det vore vanleg å meina at mennesket er delt inn i to kjønn, og vendingar som «begge kjønn» er godt etablerte. No er det i ferd med å opna seg litt: Stadig fleire nyttar heller formuleringa «alle kjønn». Elles har eg lagt merke til at «hen» er godt etablert i ein del miljø. Men språket er seigt, og det favoriserer framleis det mannlege. Orda karrierekvinne og familiefar ser me stadig, men ikkje karrieremann og familiemor. Såleis signaliserer språket at kvinner skal setja heimen og familien framfor jobben.
- I et intervju med Vårt Land uttaler du at «kjønn er et ord veldig mange bruker veldig ofte, men uten at det nødvendigvis blir definert». Hvordan vil du selv definere ordet?
- Eg vil helst ikkje definera det i det heile! Men eit ord utan avgrensing er eit ord utan tyding, så eg kan heller seia det slik: Kjønn er namnet på ein av hovudkategoriane me deler menneske og mange andre skapningar inn i. Det blir altså føresett at alle har eller er eit kjønn. (Men er det slik? Kven veit!) Vidare er det vanleg å kløyva kategorien kjønn i underkategoriane mann og kvinne. Me trur gjerne at tilhøyrsla i den eine eller andre kategorien har med kroppslege trekk å gjera, men det er langt meir innvikla. Eg har såkalla «kvinnekropp», men blir oppfatta som gut/mann rett som det er. Kvifor? Fordi kjønn er meir enn celler og hormon. Kjønn er ei fascinerande smørje – og ein kategori som blir brukt til å underkua folk og påføra dei smerte. Slakkare kjønnsnormer ville ha gagna oss alle. Ordet kjønn har forresten ikkje noko imot at me tek det i bruk på nye måtar, jamfør uttrykket «alle kjønn» og liknande. Det er bruken som avgjer kva eit ord tyder, ikkje ordet i seg sjølv.
- Ok, la oss nå da si at vi fra nå av skal være enige om en større kjønnsnøytralitet i det norske språk. Hvor og hvordan skal de første og største konkrete endringene finne sted?
- No er det ikkje heilt sikkert at kjønnsnøytralitet er vegen å gå: Det som ser nøytralt ut på overflata, er ofte mannleg i røynda. Mange av dei såkalla nøytrale yrkesnemningane våre er til dømes ord som tradisjonelt har vore nytta om menn, i tillegg til at dei formelt er hankjønnsord, til dømes advokat, politikar og ingeniør. I alle fall er det ein grei regel å ikkje bruka eit språk der menn får vera umarkerte medan kvinner blir markerte som kjønn (med mindre kjønn er relevant i samanhengen), jamfør formuleringar som «kvinneleg tannlækjar», «damefotball», «kvinnekjønnet er sterkt representert». (Når såg du sist ordet mann(e)kjønn?)
- For din egen del – hvordan har livsveien vært fram til der du er nå, hvor mange humper i veien har det vært fram til tilværelsen som offentlig transperson?
- Livsvegen min har i all hovudsak vore grei å gå, det må eg seia. Eg har vore heldig med familien og miljøet eg voks opp i. Nokre humpar har det sjølvsagt vore, og eg har – til liks med mange andre – hatt mine rundar med motgang og psykologtimar og svarte dagar. Mykje av det kom nok av det me kallar internalisert homofobi/transfobi. Skeive seksualitetar og kjønn blir framleis presenterte og oppfatta som avvik og «noko rart», og desse normene og haldningane i samfunnet pregar òg skeive personar, som då kan koma til å retta eit sterkt sinne mot seg sjølv. Dei største humpane for meg var nettopp å vedgå at eg forelskar meg i kvinner, og å faktisk undersøkja kva ein transperson var for noko, ikkje berre gå og vera redd for at eg kanskje var det. Men derifrå har det gått svært bra. Det er sjeldan nokon er ufine mot meg.
- Hvilken forfatterkarriere ser du for deg i årene framover? Hvilke bøker har du lyst å skrive?
- Akkurat no har eg ingen klår idé om kvar skrivinga skal ta meg eller kva eg skal skriva om dei neste åra. Så langt har det vore mykje slump involvert. Til dømes byrja eg skriva Kjønn og ukjønn då eit anna prosjekt måtte skrinleggjast av økonomiske grunnar. Men eg skriv gjerne fleire bøker med essayistisk svip.
- Og til slutt: Hva er de viktigste egenskapene fra din utmerkede karriere som skihopper som du tar med deg videre?
- Eg var ingen utmerkt hoppar, berre så det er sagt! Eg greidde å koma meg over den magiske hundremetersgrensa, men eg var litt for skvetten til å bli skikkeleg god. Dessutan ville eg ha meir tid til å lesa og skriva, så eg gav meg midt i tenåra. Men noko lærte eg då av åra som idrettsutøvar, til dømes å strukturera tida mi og arbeida fokusert og lenge mot eit mål. Eg måtte òg gå utanfor komfortsona mi og gjera ting eg kvidde meg litt for. Det må eg framleis. Eg trur ikkje eg overdriv så mykje om eg seier at eg kvidde meg like mykje då eg skulle på min fyrste skuleturné som då eg skulle hoppa i 120-metersbakken for fyrste gong.
Bøker
Nordfjordmåla, artikkel i boka Nordfjordboka. Kulturhistorisk vegvisar (2016), Selja Forlag, red. Jon Tvinnereim mfl.
Stutkælver og førkjefiller. Pejorativ i Prøysens prosa, artikkel i boka Et uvanlig godt språkøre – artikler om Alf Prøysen og språket (2015), Oplandske Bokforlag, red. Karianne Hagen og Lars Anders Kulbrandstad.
Kjønn og ukjønn (2015), Det Norske Samlaget
Nynorsk for dumskallar (2013), Det Norske Samlaget
Norsk etymologisk oppkok (2012), Det Norske Samlaget
Kven av oss kallar du med kvinnenamn, far? Ordet systkin i norrøn tid, artikkel i boka Søsken (2011), Det Norske Samlaget / Ratatosk, red. Guri og Sigrid Sørumgård Botheim & Kjersti og Ingrid Rognes Solbu.
‘Hamskiftet’ i Völundarkviða: Er Volund flygefør?, artikkel i boka Norrøne forvandlinger (2011), Vidarforlaget, red. John Ole Askedal, Helen Johannessen, Steingrímur Njálsson og Asbjørn Aarnes.
Króka-Refs saga – ein bokleg revkrok? (2011), masteroppgåve i norrøn filologi, NTNU.