Ukas NFFOer
Jan Inge Sørbø
I Nynorsk litteraturhistorie gir Jan Inge Sørbø for første gong ei samla framstilling av den nynorske skjønnlitteraturen frå Ivar Aasens tid til no.

Det heiter seg gjerne at nynorsk er så fint i dikt. Men like sant er det at nynorsk er eit skriftspråk som oppmodar til handling og direkte tale – det vrir seg ukomfortabelt både i flagrande abstraksjonar og byråkratisk dress. Sjølv om bokmål og nynorsk etter kvart har nærma seg kvarandre, ligg det altså kultur nedfelt i forskjellane. Tydelegast ser ein det kanskje i utviklinga av den nynorske skjønnlitteraturen frå Ivar Aasens tid til no, og dette er det professor Jan Inge Sørbø fortel om i Nynorsk litteraturhistorie. Verket blir lansert førstkomande måndag, som del av feiringa av Samlagets første 150 år.
– Det er litt av eit verk du har fullført; 680 sider som dekkjer cirka 160 år og 150 forfattarskapar. Gratulerer! Ein tek seg i å lure på kor mange assistentar har du hatt? Alternativt: Kor mange år har du brukt på dette arbeidet?
– Eg har nok ikkje hatt assistentar, men gode hjelparar på forlaget. Eg har arbeidd med dette i vel to år, frå januar 2016.
– Du er altså akademikar av yrke, men som forfattar har du skrive alt frå romanar og dikt til biografiar og essays. Sidan du har eit så breitt samanlikningsgrunnlag: Er litteraturhistorie ein ekstra krevjande sjanger? Kva er den største utfordinga?
– Det er krevjande fordi det er så stort stoff å setja seg inn i. Dette er vel det mest «episke» eg har gjort; det å halda fast på ei, samanhengjande historie samstundes som eg omtaler fleire hundre bøker.
– «Den nynorske utakten er ein sjølvstendig grunn til a skriva om nynorsk litteratur som ein eigen tradisjon» skriv du i føreordet. Korleis har nynorske forfattarar vore i utakt med bokmålsforfattarane?
– Dei har til tider vore litt på tvers av periodane. Dei var i utgangspunktet skeptiske til romantikken, midt i nasjonalromantikken – både Aasen og Vinje. Og dei var store romantikarar på 1910-30-talet, særleg i lyrikken. Dei var også tidleg ute med modernistiske trekk, alt med Uppdal og Vesaas, seinare Jonsson og Olav H. Hauge.
– Du kallar også den nynorske litteraturen er ein slags reiselitteratur. Kva legg du i det?
– Eit viktig motiv for mange nynorske forfattarar er at dei flytter frå bygda til byen, skifter miljø, sosial status og orientering. I denne prosessen brukar dei ofte sansane godt, og fortel om mange miljø og ulike mentalitetar.
– Kor mykje har nynorske salmar betydd for nynorsken som bruksspråk?
– Svært mykje. Både fordi dei innførte ei stor forenkling i salmespråket, og tok inn norsk landskap, ikkje minst kystlandskap. Og fordi dei var ei motvekt mot religiøse rebellar, som gjorde at somme vart redde for heile nynorsk-rørsla.
– Innanfor skjønnlitteraturen har vi sett ei oppblomstring av nynorsk på 2000-talet. Men korleis står det til med nynorsk sakprosa?
– Eg har ikkje skrive om sakprosa i denne boka. Men den nynorske essayistikken er ein av dei viktige sjangrane på nynorsk, og den lever godt framleis.