Ukas NFFO-er

Marte Spurkland

Å bli kjend med ungdommar som lever eit heilt anna liv enn ho sjølv, har gjort Marte Spurkland oppteken av korleis ressursane blir fordelt og brukt i skulen.

Portrett marte spurkland 819x1024

– Vi må hjelpe dei ungdommane som står på vippen! seier Marte Spurkland. I fjor gav ho ut boka Klassen. Fortellinger fra et skoleår, der ho fortel om livet til sju elevar og kontaktlæraren deira gjennom tredje klasse på vidaregåande. Elevane har ulik bakgrunn, men éin ting er sams: Dei har gode evner og høge ambisjonar, men så mykje å takle elles i livet at det er høgst usikkert om dei vil klare å fullføre løpet mot vitnemål og studiekompetanse. Men dei har også éin ressurs som gir dei betre odds enn mange andre: Ein lærar som går den ekstra mila igjen og igjen, som støttar, legg til rette og gir nye sjansar når ho ser at dei er i faresonen. Førre fredag fekk Spurkland Bokhandelens sakprosapris for den måten ho har skildra denne – for mange framande – delen av røynda på.

– Gratulerer! For ein gongs skuld skal eg berre ta det for gitt at du er veldig glad for å få ein slik pris, og i staden spørje: Kva gjorde mest inntrykk på deg då du jobba med denne boka? Var det noko som overraska deg?
– Ja, det var mykje som overraska meg. Eg hadde hatt denne læraren som kjelde i mange år, og trudde eg visste mykje. Men å bli kjend med ungdommane sjølv, og høyre kor annleis livet deira er frå det livet eg sjølv lever, som kvit middelklasse i ein storby … Det er ikkje stor avstand geografisk, men for eit gap når det gjeld ressursar! Eg trur ikkje vi er klar over det, dei fleste av oss, heller ikkje dei som utformar politikken, kor store forskjellane faktisk er. Det som også slo meg, var kor stort behov ungdommane hadde for ein vaksen å snakke med. Dei var heldige som hadde denne læraren, men likevel såg eg kor mykje somme familiar slit, og kor åleine mange av ungdommane står. Og så er dei i så stor grad barn enno. Eg huskar jo korleis eg sjølv kjende meg då eg var 18 år, og formelt er dei vaksne, men likevel har dei framleis så mykje av barnet i seg.

– Kan du seie meir om kva rolle denne læraren, som du altså har kjent lenge, har hatt i bokprosjektet?
– Ho har vore heilt avgjerande, det hadde ikkje blitt bok utan henne. Ho har gitt meg råd om kva for elevar eg skulle intervjue. Faktisk måtte ho spørje på mine vegne om dei ville stille opp, for ho har jo teieplikt som dei måtte løyse henne frå før ho kunne setje meg i kontakt med dei. Også innsikta hennar i utfordringane dei står i, har vore avgjerande, for det var viktig for meg å ha ei viss spreiing i kva type problematikk og situasjonar eg skildra. Det gode forholdet ho hadde til ungdommane, gav meg ein flying start – ho gjekk god for meg, forsikra dei om at dei kunne stole på meg. Dermed vart vegen inn til dei kortare. Eg er imponert over kor opne dei har vore. Tilliten dei hadde til læraren smitta over på meg.

– Du skildrar i forordet korleis du har jobba, med intervju, tilgang til tekstmeldingar og liknande, og du nemner så vidt TV-serien Skam. Har serien vore ein inspirasjon, eller har du andre førebilete du vil dra fram?
– Eg elska Skam, absolutt! Men eg hadde tenkt på denne boka lenge før serien kom. Som forarbeid las eg mange skildringar av skulen og lærarkvardagen, både norske og engelske. Den franske filmen Klassen (av Laurent Cantet) har også vore ein inspirasjon. Elles har sjølvsagt den litterære journalistikken vore viktig, slik Åsne Seierstad og andre praktiserer den. Men eg har altså ikkje vore deltakande i situasjonane eg skriv om, teksten er basert på intervju. Kvart prosjekt er ulikt, og eg måtte finne min måte, den som passa til rammene i mitt prosjekt.

– Simon Malkenes vart nyleg tildelt Fritt Ords honnør for å ha peikt på manglande ytringskultur i Oslo-skulen og konsekvensane av fritt skuleval. Er dette emne du har tenkt på i arbeidet med Klassen?
– Den skulen eg skildrar er, som Ulsrud vidaregåande, det elevane sjølv kallar ein «hamneskule» eller «samleskule», altså ein skule kor du berre hamnar, som samlar opp dei som ikkje kjem inn på dei gode skulane. Ytringsfridom var ikkje eit tema for meg. Rektor var med frå starten av, og læraren har fått lov til å dele fritt. Men at somme skular har berre ressurssterke elevar medan andre får dei utan ressursar, er eit problem. Daran i boka følte seg norsk og snakka perfekt norsk før han kom inn på denne skulen; men der kom han inn i eit miljø der mange hadde innvandrarbakgrunn, og det endra både veremåten og identiteten hans. Og Mouna – ho snakka om at det er mange arabarar i nabolaget som følgjer med på kva ho gjer og ikkje gjer. Vi vil at desse ungdommane skal bli integrert i det norske, men kor store mogelegheiter gir vi dei eigentleg til å bli det?

– Eit stort spørsmål, kanskje, men likevel: Kva trur du skal til for å gjere livet enklare for elevar som dei du skriv om?
– Eg trur kanskje ein kan ta fatt i inntakssystemet til skulane, som Malkenes seier. Monokultur, er det bra for oss? Eg trur ikkje det. Vi må skaffe oss meir kunnskap om korleis det faktisk er der ute, vi må sjå lenger enn til våre eigne omgjevnadar. Skulane må ikkje berre fokusere på å løfte Generasjon prestasjon-elevane frå firarar til seksarar, vi må legge ressursar i å hjelpe slike ungdommar som dei eg skriv om, dei som står på vippen mellom å klare seg og å ikkje klare seg gjennom skulesystemet, slik at dei vippar den rette vegen. Vi har ikkje nok tilbod til denne typen ungdom, og der er det ein stor jobb å gjere. Mitt bidrag er å vise korleis tilstandane er.

– Ei utmerking som Bokhandelens sakprosapris er vel å tolke som ei sterk oppmoding til å halde fram med å skrive. Har du nye bokprosjekt på trappene?
– Ja, eg har eit kanskje-prosjekt på gang, men det er det for tidlig å fortelje om!

Les meir om pristildelinga her

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med uvedkommende. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.