Ukas NFFO-er

Bernhard Ellefsen

Bernhard Ellefsen har valt døden som emne for si første bok. Han synest ikkje det er ambisiøst, og har heller ikkje tenkt på boka som ein debut. Han har nemleg skrive mykje om dette før – som kritikar.

Ellefsen600

Jogging er éin måte å lufte dødsangsten på, skal ein tru Dag Solstad. I det får ein vel legge at tanken på den uunngåelege slutten er ein sterk motivasjonsfaktor, noko som kan vere like sant om andre aktivitetar – som skriving. Bernhard Ellefsen, kjend og til dels frykta som litteraturkritikar i Morgenbladet, har nyleg gitt ut si første bok, essayet Imot døden. Med utgangspunkt i eigne erfaringar tek han der for seg korleis forskjellige skjønnlitterære forteljingar bearbeidar den mest personlege, men også den mest ålmenne av alle eksistensielle smerter.

– Dødens problem – i filofosofien og litteraturteorien finst det dei som hevdar at det er sjølve opphavet til kunsten. Eit ambiøst emneval for ein debut! Har det vore ei vanskeleg bok å skrive?
– Skal eg vere ærleg, har eg ikkje tenkt så mykje at dette er ein debut. Eller at emnet i seg sjølv er ambisiøst. Snarare har eg hatt stor glede av å samle tankar og lesing om eit emne som opptek meg, og som eg har skrive mykje om i kritikken min, til ein større og meir forteljande heilskap.
– Den mest krevjande oppgåva har vore å gjere dette til nettopp ei personleg bok som er open og inkluderande. Å skrive distansert eller ekskluderande om noko som betyr noko for alle, gir ikkje meining for meg. Eg trur at litteraturens forteljingar gir oss sjansen til å tenke også på det som er nesten utenkeleg. Så for meg er døden – og andre ting som eg synes det er krevjande å få grep om i tanken – eit slags opphav til lesinga. Det er difor eg les. For å kunne tenke.

– Du har fått stipend frå NFFO til prosjektet. Kva betyr ei slik tildeling for arbeidet?
– Det betyr enormt! Slik støtte er føresetnaden for å kunne sette av tid til arbeid av denne typen.

– Kritikarbakgrunn; fordel eller ulempe for ein debutant?
– At eg er kritikar, og tenkjer på meg sjølv som kritikar, trur eg er ein fordel fordi eg har eit ganske sjølvsagt forhold til at litterær kvalitet er noko som skal diskuterast. Og fordi eg har eit avklara forhold til kva som er mogelegheita og begrensinga til den einskilde bokmeldinga. Eg har aldri syntes det har vore ei ulempe å ha drømmejobben, heller ikkje no.

– Korleis har det vore å lese dei ulike tolkningane og vurderingane av boka?
– For ein stor del stimulerande og interessant. Å sjå at boka set i gang tankerekkjer kor Job og Paulus og Nietzsche møtast som ei sjølvfølge, er jo veldig artig. Spørsmålet om ein bør forstå menneskelivet lineært og singulært eller som del av eit større kretsløp, er ikkje noko ein les om i avisa kvar dag. At boka min kan setje i gang slike reaksjonar set eg stor pris på. Og så har eg jo fått ein solid slakt også, og det har vel gitt mindre næring dei til eksistensielle tankane og meir av ei påminning om at det litterære feltet også kan vere ein nokså trong andedam. Men ein skriv ikkje bok for einskilde meldarar, så slike trefningar gløymer eg fort.

– Eit metodespørsmål til slutt: Kor mange av formuleringane er pønska ut på joggetur?
– Ingen! På løpetur – ja, løpetur – tenker eg ikkje på så mykje anna enn løping. Så kanskje Solstad har rett. Men i dusjen derimot! Og på hovudputa om kvelden! Då surrar det ustanseleg.

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med uvedkommende. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.