Ukas NFFO-er

Simon Malkenes

Simon Malkenes har blitt møtt med klassiske, retoriske avleiingsmanøvrar i debatten om Osloskulen. Denne veka vart det kjent at han får Fritt Ords Honnør for å ha skapt debatt om viktige problemstillingar.

Simon malkenes600

Då Simon Malkenes 5. mars i år deltok i debatt i Dagsnytt 18 og skildra kor vilt det kan gå føre seg i ein vanleg skuletime ved Ulsrud vidaregåande i Oslo, utløyste det ein valdsam debatt. Elevar følte seg stigmatiserte, andre var glade for at Malkenes på denne måten retta merksemda mot konsekvensane av fritt skuleval. Også tidlegare har Malkenes markert seg som ein tydeleg kritikar av måten skuleverket i Oslo blir leia på, og då spesielt at det er lite rom for systemkritikk. Som forfattar av fire bøker om tema som retorikk og skuleleiing, er han uvanleg godt kvalifisert for å gå inn i nettopp slike debattar. Han har då også fått overveldande respons og støtte både frå lærarar og andre. Denne veka vart det kjent at han får ein høgthengande pris for å ha brukt og verna ytringsfridomen.

– Gratulerer med Fritt Ords Honnør! Korleis kjennest det?
– Det var overraskande, eg er glad og stolt over å få ein slik pris, og sjølvsagt veldig takknemleg.

– Eg reknar med at du har opplevd før at det kostar å gå i bresjen for systemkritikk. Kom alt oppstyret etter det omstridde Dagsnytt 18-programmet uventa, eller hadde du ein viss idé om kva som kom?
– Nei, dette hadde eg ikkje forventa. Det er jo litt tilfeldigheitene som rår, plutseleg så treff ein noko, påpeikar noko som veldig mange kjenner seg igjen i og blir engasjert i, og så får ein debatt. Eg hadde inga aning om at det skulle skape den valdsame stormen som det har gjort.

– At nokre av elevane også gjekk til media, var kanskje spesielt overraskande?
– Ja, men eg har gått ut og hylla dei for det, det er flott at dei brukte ytringsdomen sin og gjekk inn i debatten.

– Ville du ha gjort det same igjen, altså skildra ein klassesituasjon på den måten?
– No var det litt tilfeldig at det blei som det blei. Eg ville kanskje ikkje gjort det akkurat slik, men eg er veldig nøgd med debatten som kom, og som framleis går om mange viktige tema i skulen.

– Fritt skuleval: Du har påpeika uheldige konsekvensar av at skulane får einsarta elevmassar, og at ein skaper vinnar- og taparskular. Vil du gå så langt som å seie at det også er undergravande for solidariteten og fellesskapen i eit lokalsamfunn?
– Ja, det er nokre viktige perspektiv her som handlar om kva rolle skulen skal spele i samfunnet. Det ein kallar fritt skulevalg isolerer jo skulen frå samfunnet i stor grad. Spørsmålet er om skulen skal vere ein arena og møteplass for forskjellige lag i samfunnet, om skuleverket skal forsterke eller prøve å jamne ut ulikskap i samfunnet. Det frie skulevalget forsterkar forskjellane. Det finst mange andre modellar ein kunne velje for regulere fordeling av skuleplassar.

– I tillegg til å arbeide som lektor, har du skrive tre debattbøker og ei lærebok dei siste ti åra. Kan du seie noko om korleis det å vere i full jobb som lærar har påverkar deg som forfattar?
– Den eine sida er jo at når eg har fått stipend, har det gjort det mogeleg å jobbe konsentrert utan at det blir å sitje på kvelden og natta. Men når ein er på skulen, har ein enorm tilgang på kva som lever og rører seg i samfunnet. Ein del av bøkene mine har også henta inspirasjon frå erfaringar og slikt eg har støtt på i omgang med både elevar og foreldre. Faga mine er historie og norsk, og der dukkar det også opp problemstillingar som er interessante og gir meg lyst til å grave vidare og finne ut meir og skrive bøker.

– Du er medlem av NFFO og har fått stipend frå Det faglitterære fond til fleire bokprosjekt. Retorikk er eit sentralt tema i alle bøkene dine, til dømes handlar éi av dei om verdens undergang og éi om høgreekstrem retorikk. Korleis vil du karakterisere retorikken du har sett i skuledebatten, og då spesielt den som kom ovanfrå?
– Retorisk har vi jo sett ein klassisk avleingsmanøver frå mellom anna utdanningsdirektøren, som vil leie samtalen over på andre ting enn det eg tek opp. Det mest kjende grepet vart også omtala tidlegare denne veka, under konferansen om ytringskultur i Osloskulen, nemleg at ein omformar sakleg kritikk til noko som handlar om personen som kjem med kritikken. Det er eit maktspråk.

– Kva med svar som berre tek opp nokre element av kritikken og overhøyrer resten?
– Det er klassisk retrettstrategi: At ein avleier og flyttar fokus til argument og standpunkt som i større grad tåler offentleg merksemd. Slik leier ein merksemda vekk frå det ein ikkje vil snakke om. Slikt er det mykje av i offentleg debatt for tida, ein kan kalle det kampen om sakas kjerne.

– Korleis trur du det blir å kome tilbake på jobb?
– Legen har sjukemeld meg inntil vidare. Så eg veit ikkje heilt, vi får berre sjå. Men heile neste skuleår skal eg og familien vere på Vestlandet. Dette har vore planlagt lenge før denne debatten kom.

– Blir det bok om debatten?
– Eg har arbeidd med ny bok i fleire år. Manuset var eigentlig ferdigskrive. Men no må eg skrive inn forteljinga om alt som har skjedd denne våren. Boka handlar om slikt eg har funne ut, fått vite, og fått tilgang til av forteljingar, dokumentasjon og analysar av norsk skule – og då Osloskulen spesielt – sidan førre bok i 2014. No manglar eg berre forlagskontrakt, så kan den komme ut til hausten.

Tildelinga av Fritt Ords Honnør skjer 1. juni. Les meir om prisen her.

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med uvedkommende. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.