Ukas NFFOer
Pia Strømstad
– Til alle som ikkje har våga eller gidda å lese ei bok på nynorsk, vil eg oppfordre dei til å prøve. Det går overraskande fort å komme inn i det, sier forfatteren Pia Strømstad.
Like før jul kom en nyhet vi gjerne gjentar, i tilfelle den forsvant litt i høytidshysteriet: nynorsk sakprosa for barn er en sjanger i kraftig vekst! Antall bøker fra 2015 til 2017 er firedoblet. Vi snakker ikke store kvanta, fra tre til 12 bøker, men det er likevel en positiv utvikling. Pia Strømstad er en av de som har bidratt til statistikken – og leseinteressen. Hun har et allsidig forfatterskap bak seg, med Do. Ei stinkande reise gjennom bæsjens historie som siste utgivelse, høsten 2017.
– Samlaget står bak ti og Gyldendal to av utgjevingane i 2017. Samlaget har vore tydelege på at dei vil satse på faktabøker for barn og unge, og det viser seg i tala. Det som står att nå, er at media også bidreg til å løfte fram bøker skrivne for barn, av alle sjangrar.Barn les viss dei berre får tilgang til noko som fenger dei, men som oftast er det dei vaksne som må gjere litteraturen tilgjengeleg, sier Strømstad
– Selv har du en allsidig karriere som forfatter av faktabok for barn. Siden 2003 har du skrevet om UFO-er, julenissen, olje, 17. mai og altså om do. Det ville vært interessant å vite om den berømte røde tråden her! Eller har du et forfatterskap etter innfallsmetoden?
– Du gløymde spøkelse! Og ja, eg skjønar godt spørsmålet ditt. Her ser det jo ut som at det eg har skrive om spriker i alle retningar. Den raude tråden er rett og slett nysgjerrigheit og vitebegjær. Eg kan la meg fange av dei raraste ting, og når eg begynner å grave, blir det enda meir spennande. Det dukkar opp så mange historier, så mykje som eg på førehand ikkje hadde tenkt på eller førestilt meg. Eg er nok veldig driven av slikt eg synest er morosamt og som eg finn glede i. Det kan høyrest overflatisk ut, men nysgjerrigheita har gitt meg opplevingar og møte med menneskje som eg elles aldri ville fått.
– Du har tidligere sagt at du forsøker å se verden fra barnas perspektiv. Hva er det som vekker nysgjerrigheten hos de? Hva vil de lese om?
– Eg trur på ein kombinasjon av spenning og humor – og det å ta vitebegjæret deira på alvor.
Eg har aldri skreve noko som har vekt så mykje nysgjerrigheit og opna for så mange samtalar som boka om doar. Nokre trur det handlar om bæsj, tiss og promp. Det er for så vidt uunngåeleg, men boka handlar om mykje meir, nemlig om historie, kultur, samfunnskunnskap og miljø. Det humoristiske ved manus vart forsterka av Flu Hartberg sin teikneserieaktige strek. Sånn sett er dette like mykje ei bok for vaksne.
– Du tilhører altså en sjelden rase. Du er sakprosaforfatter for barn og unge, på nynorsk. Hvorfor er det ikke flere av dere?
– Eg trur det er så enkelt som at forlaga i liten grad satsar på det. Kanskje er det mindre risikofylt å gi ut bøker på bokmål? Bokmålslesarane utgjer rett og slett ein større målgruppe. Eg bur i Oslo, og eg får tilbakemeldingar frå vaksne som ikkje vil kjøpe Do-boka verken til seg sjølve eller til barna når dei høyrar at den er på nynorsk – sjølv om den er kort og lettlest.
– Nå er vi kanskje på veg inn i eit politisk landskap, men eg opplever at mange som har bokmål som hovudmål, er negative til alt som er skreve på nynorsk. Kanskje heng det igjen frå skoledagane, kanskje trur dei at tekstar på nynorsk automatisk er vanskelig tilgjengelig. Men så kjem det heldigvis nokre dragarar som opnar dører. Sjølv om dei skriv skjønnlitteratur og ikkje skriv sakprosa for barn, er det verdt å nemne Maria Parr som fekk Brageprisen i 2017 for barneboka Keeperen og havet, og Olaug Nilssen som fekk den for Tung tids tale – begge bøker skrive på nynorsk.
– Til alle som ikkje har våga eller gidda å lese ei bok på nynorsk, vil eg oppfordre dei til å prøve. Det går overraskande fort å komme inn i det.
– Du snakker bokmål og skriver på nynorsk, hvordan har det seg?
– Eg er opptatt av god sakprosa for barn, og i Samlaget har eg eit forlag som tek på alvor at det trengs fleir slike bøker og som verkelig vil satse på det. Derfor skriv eg på nynorsk. Eg har eit håp om at det ikkje skal vere nokon barriere mellom bokmål og nynorsk, men at folk skal ønskje å lese ein tekst fordi den er interessant, uavhengig av målform.
– Litt mer om deg. Ikke bare er du forfatter – du er også et menneske man ikke må tulle for mye med 4.dan svart belte i taekwondo, leser vi på nettet. Er det til nytte i skrivearbeidet på noe vis?
– Om eg er like slagferdig når eg skriv, meiner du? Det skulle eg gjerne ha vore. I den grad taekwondoen er til nytte, så er det nok fordi den gir meg så mykje overskot, energi og glede, at eg faktisk finn tid til å skrive barnebøker ved sidan av alt anna eg gjer. Og der er vi tilbake til den raude tråden igjen. Kva er det som driv meg. Eg ville aldri ha orka å trene så mykje som eg gjer, om eg ikkje hadde syntest det var gøy, og at det stadig er noko nytt å lære, sier Pia Strømstad.