Arendalsveka: Kva er god læring. Om nettbrett, papir og makt i skulen
Korleis lærar elevane best mogeleg, og har me ein skule som legg til rette for dette. Korleis ruste elevane til å handtere fakta- og informasjonsflaumen utan å miste konsentrasjonen, livslysta og leseferdigheitene på vegen?
Korleis lærar elevane best mogeleg, og har me ein skule som legg til rette for dette. Er det politikarane eller fagfolka som skal avgjere kva læremiddel skulen skal nytte i framtida. Korleis ruste elevane til å handtere fakta- og informasjonsflaumen utan å miste konsentrasjonen, livslysta og leseferdigheitene på vegen?
Regjeringas forslag om 300 millionar kronar til skulebøker på papir blei klubba i Stortinget 21. juni, og utbetalingane til kommunene vil kunne skje rett over sommarferien. Er dette god medisin for ein skule som mange hevdar står i ein nettbrettkrise, og korleis sikre maks effekt av denne ekstraløyvinga?
Kom for å høyre panelet, som består av dyktige kunnskapspolitikarar, læremiddelopphavarar og fagpersonar med hjarte for skulen.
Arrangementet blir strømma herfra.
Panel:
Arne Vestbø, generalsekretær, Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO)
Thom Jambak, 2. nestleiar, Utdanningsforbundet
Hege Bae Nyholt, leiar, Utdannings- og forskingskomiteen, Stortinget, Raudt
Madelen Kloster, påtroppande leiar, Elevorganisasjonen
Øystein Mathisen, Utdannings- og forskingskomiteen, Stortinget, Arbeiderpartiet
Astrid Sverresdotter Dypvik, ordstyrar, Redaktør, Syn og Segn
Arrangementet er eit samarbeid mellom NFFO og Utdanningsforbundet.
Spørsmål om arrangementet? Ta kontakt med Kristine Isaksen, kristine@nffo.no / 952 01 968.
Les meir om arrangementet på nettsida til Arendalsveka