Arendalsveka: Ny forsking viser at... Om ny kunnskap og formidlinga av henne
Kom for å høyre ledande forskarar og forskingsformidlarar i samtale om produksjon av ny forsking og mottakinga av henne.
Korleis kan borgarane orientere seg i alt som kjem av oppdragsforsking, konsulentrapportar og grunnforsking, og kan me alltid stole på forskinga?
Om forskinga skal komme samfunnet til gode, korleis bør ho formidlast. Speler boka framleis ei rolle eller er det artiklar på Internett som er the king. Bør samfunnet vete meir om forskaren og høva forskaren jobbar under. Har det til dømes noko å seie for forskingsresultata eller statusen for forskinga når forskaren jobbar på oppdrag frå privat aktør som har uttalte interesser?
Kom for å høyre ledande forskarar og forskingsformidlarar i samtale om produksjon av ny forsking og mottakinga av henne.
Tidsskriftet Prosa, utgitt av Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, har eit ferskt nummer ute om akademisk fridom, og nokre eksemplar av dette vil vere tilgjengeleg.
Arrangementet blir strømma, og du kan følge arrangementet her.
Panel:
Jon Kåre Time, ordstyrar, journalist i Morgenbladet
Jonas Kristiansen Nøland, førsteamanuensis i energiomforming, NTNU
Veronica Blumenthal, seniorforskar, Transportøkonomisk institutt
Nina Kristiansen, journalist, forskning.no
Spørsmål om arrangementet? Ta kontakt med Kristine Isaksen, kristine@nffo.no / 952 01 968.