oktober
15.

Bransjeseminar: Sjekkliste eller plakat? Etikk i sakprosaen

Velkommen til bransjeseminar og debatt om etikk i sakprosaen. Treng sakprosabøker og bokbransjen ein eigen Ver varsam-plakat – eller held den etiske sjekklista, som NFFO lanserte i 2020?

Seminaret er fullteikna, men du kan følgje strømminga her.

Foto: Tomm W. Christiansen\Dagbladet, UiO, Kagge, Spartacus, Agnete Brun.

Mottakinga av boka Partiet av Steinar Suvatne og Jørgen Gilbrant (Gyldendal) har virvla opp att diskusjonane om sakprosaen treng eit strengare etisk regelsett å halde seg til. Me samlar dyktige bransjefolk i to ulike panel for å diskutere den etiske stoda i dag og kva bokbransjen treng frametter.

Program

Velkommen ved styremedlem i NFFO, Ingeborg Eliassen.

Innleiing om NFFOs etiske sjekkliste ved Jon Gangdal, som var leiar av utvalet som laga henne.

Panel 1. Stoda i dag: kva fungerer, kva er utmaningane. Tuva Ørbeck Sørheim, forlagssjef i Kagge. Bjørn Olav Jahr, forfattar og podcastprodusent. Heidi Østbø Haugen, leder av De nasjonale forskningsetiske komiteene (NESH) og professor ved institutt for kulturstudier og orientalske språk, UiO.

Panel 2. Kva treng bokbransjen i framtida.
Ingeborg Volan, direktør for Gyldendal Litteratur. Simen Sætre , forfattar. Elin Floberghagen, generalsekretær i Norsk Presseforbund.

Forfattar Alfred Fidjestøl leiar begge panelsamtalene.

Oppsummering og vegen vidare ved Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

Spørsmål/kommentarar frå salen/via strømminga.

NB! Begrenset antall plasser – meld deg på i dag. Meld deg på her

Traktering: svart kaffi og vatn.
Arrangørar: Forleggerforeningen og NFFO.

Følg strømminga her

Spørsmål? kristine.isaksen@nffo.no / 952 01 968.

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med uvedkommende. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.