Debatt: Kva tyder sakprosaen for ytringsfridomen?
Stiftinga Fritt Ord og Norsk faglitterær forfattar- og omsetjarforeining (NFFO) inviterer til frukostmøte om sakprosabøker og ytringsfridom tysdag 30. august.
Utgreiinga til Ytringsfridomskommisjonen vert overlevert kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen 15. august. Kommisjonen har sidan våren 2020 utgreidd kåra for ytringsfridom og demokrati i Noreg med utgangspunkt i Grunnlova § 100, og føreslår i utgreiinga ei rekkje tiltak for å styrkje ytringsfridommen ytterlegare. Tema for dette frukostmøtet vil vere plassen av sakprosabøkene i utgreiinga og samfunnet ellast.
Kva verknad har bøkene og korleis sikre at dei når folk? Kva tiltak rår politikarane over, og kva vil dei gjere frametter for å styrka ytringsfridommen i Noreg?
Panel:
- Anette Trettebergstuen (Ap), kultur- og likestillingsminister
- Kjersti Løken Stavrum, leiar for Ytringsfridomskommisjonen
- Tage Pettersen (H), stortingspolitikar i Familie- og kulturkomiteen
- Anne Hege Simonsen, leiar for vurderingsutvalet for ny norsk sakprosa i Kulturrådet
Ordstyrar er kommunikasjonssjef i SINTEF Digital, Mala Wang-Naveen.
Innleiing ved direktør i Fritt Ord Knut Olav Åmås og generalsekretær i NFFO Arne Vestbø. Det vil bli høve for publikum til å kommentere/stille spørsmål til panelet på tampen av frukostmøtet.
Servering: Kaffi og rundstykke.
Frukostmøtet er ope for alle, og det er ikkje nødvendig å melda seg på. Gratis inngang. Arrangementet blir filma og strøymt direkte, og eit opptak blir publisert på NFFO og Fritt Ords nettsider i etterkant.
Vel møtt!