november
24.

Korleis teikne sant? Føredrag og samtale om dokumentarteikneserie og sakprosaillustrasjonar.

Velkomen til opent hus på NFFOs forfattarskule for forfattarar av barne- og ungdomsbøker

Kollasj av de tre bidragsyterne
Foto: Nina Ruud / Birte Bee Magnussen / Niklas Lello

I 2021 starta NFFO ein forfattarskule for å styrke forfattarstanden og få opp talet sakprosabøker for barn og unge. No er tredje kull og 13 elevar i gang med eit fagleg og sosialt opplegg som varer fram til april neste år. Til fristen i år var det rekordmange søkjarar, og no begynner også bøkene å komme ut frå tidlegare elevar. NFFO er stolt av skulen, og trur fleire som skriv for denne målgruppa kan ha glede og nytte av å få ein liten smakebete av opplegget og treffe andre forfattarar.

24. november opnar me derfor skulen for medlemmer av NFFO og NBU (Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere) som skriv for barn og unge, samt tidlegare forfattarskulemedlemmer. Det blir først fagleg opplegg, så er det tinga inn tapas og drikke.

Påmelding er obligatorisk via Mitt medlemskap innan fredag 17. november. Gi beskjed om ev. allergiar. Meld deg på her!

Program:

Kl. 18:00-19:45 Dokumentarteikneserieskaparane Ida Larmo og Kristian Krohg-Sørensen kjem for å snakke om barn og unge som målgruppe og korleis teikne sant. Dei to held kvar sitt føredrag på ca. 30 minuttar, så det blir samtale med forfattar og skrivelærar Hilde Hagerup som ordstyrar.
Tid til å stille spørsmål til slutt.

Kl. 19:45 Mat og drikke.

Scenedeltakarar:
Ida Larmo (f. 1981, busett i Kabelvåg) er forfattar, teiknar og grafisk designar, og mottok Brageprisen i open klasse: sakprosa for barn og unge for Rigel – Urettens ekko (2022 Strand forlag). Rigel mottok også Kulturdepartementets fagbokpris for barn og unge (2022) og Pondusprisen (2022). Ho er forfattar av Bow & arrow. En tegneseriedagbok fra London (Cappelen Damm 2019) og Putekrigen (Cappelen Damm 2016).

Kristian Krohg-Sørensen (f. 1980, busett i Oslo) er russlandvitar, journalist, illustratør og forfattar. Han har m.a. motteke Pondusprisen for dei to binda av dokumentarteikneserien om Johannes Sigfrid Andersen kalla Gulosten (Gulosten: Liv i helvete, No Comprendo Press 2015, Gulosten: Gentlemannsforbryteren, No Comprendo Press 2020).

Hilde Hagerup (f. 1976, busett på Nesodden) har skrive fleire sak- og skjønnlitterære bøker for både unge og vaksne, og er omsett til mange språk. Ho har m.a. motteke Kulturdepartementets fagbokpris for barn og unge for biografien om Agatha Christie (2011), og i 2018 vann ho Teskjekjerringprisen for forfattarskapen sin. Ho er professor i skrivekunst, og frå og med hausten 2022 har ho verka som skrivelærar på NFFOs forfattarskule.

Spørsmål om arrangementet? Ta kontakt med Kristine Isaksen / 952 01 968

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med uvedkommende. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.