Prosalong i Stavanger: Stor litteratur for små folk
Ein samtale om sakprosa for barn med Inger Lise Belsvik, Terje Torkildsen og Øyvind Zazzera Johansen.
Kva er eigentleg sakprosa for barn? Er det biletbøker og skulebøker, eller kan det vera noko heilt anna? I denne prosalogen møter du tre rogalandsforfattarar som har erfaring med å skriva, illustrera og formidla sakprosa for barn og unge. Korleis skal ein lukkast med å skriva slike tekstar, og korleis må ein gå fram for å få bøkene utgitt? I ei tid der barn og unge les stadig mindre, er sakprosaen kanskje viktigare enn nokon gong. Kvifor blir det likevel utgitt så få sakprosabøker for denne målgruppa? I denne prosalongen deler Inger Lise Belsvik, Terje Torkildsen og Ørjan Zazzera Johansen sine tankar og erfaringar frå arbeidet med ein viktig, men undervurdert sjanger.
Inger Lise Belsvik har illustrert fleire sakprosabøker for barn – dei fleste om natur, dyr og fuglar, med ein underliggande bodskap om klimaendringane som truar. Siste boka hennar er «Oske», der ho både skriv og illustrerer om ein far som er død og ein liten gut som sørger. Ho driv mykje med formidling gjennom både bibliotek og Den kulturelle skulesekken.
Terje Torkildsen (f. 1971) har meir enn tretti års erfaring som skribent og formidlar. Han er utdanna norsklektor, men har dei siste tiåra livnært seg som skodespelar, komikar og forfattar. I 2008 debuterte han som romanforfattar og har gitt ut femten bøker. Han skriv mest for barn og unge og har m.a. vunne ungdomslitteraturprisen Uprisen to gonger.
Ørjan Zazzera Johansen (f. 1974) er ein forfattar og lesevitar frå Bryne. Han har skrive åtte bøker, mellom dei to barnebøker om Erling Braut Haaland – nominert til ARK sin barnebokpris og Bokslukerprisen. Han er leiar av Rogaland forfattarlag og formidlar og informasjonsansvarleg ved Garborgsenteret på Bryne.
Arrangeres i samarbeid med KÅKÅ Kverulantkatedralen og Bokhuset – Litteraturhuset i Stavanger.