november
26.

Salong: Kven skal faktasjekke sakprosaen?

Kven har kompetanse og tid til å sjekke faktanivå og kjeldetilvisingane i sakprosabøker – er det forfattaren, forlaget eller kritikaren?

Kollasj med portretter av de seks bidragsyterne, fire kvinner og to menn.
Øverst fra venstre: Ida Skatvik, Marit Halvorsen, Lena Lindgren, Sigrun Slapgard, Sindre Hovdenakk og Alfred Fidjestøl.

Velkommen til salong om faktasjekking.

Bakteppe: Frilanskritikar Frida Skatvik nytta varslingstenesta til forskingsetisk utval ved Universitetet i Oslo for å ei vurdering mellom anna av attbruka av tidlegare publisert materiale i professor Dag O. Hessens siste sakprosabok, Å tenke med Zappfe, Kagge 2024. Les meir om saka hos Forskerforum

Mange meldarar tek ikkje på seg sakprosaoppdrag fordi dei krev meir tid enn honoraret tilseier. Sakprosaforfattarar kjenner seg åleine med ansvaret for faktainnhaldet i bøkene når forlaga ikkje vil nytte pengar på fagkonsulentar, og det har gått nokre månadar sidan dei siste høyrde frå redaktøren sin.

Det blir to panel, og dei vil diskutere mellom anna kva god forskingsformidling er, kva sakprosakritikaren si rolle skal vere og kor sann ei sakprosabok kan vere.

Første panel: FORSKING
Frida Skatvik, idéhistorikar og frilanskritikar.
Lena Lindgren, journalist og kommentator i Morgenbladet.
Marit Halvorsen, professor ved Det juridiske fakultet og nestleiar i Forskingsetisk utval ved Universitetet i Oslo.

Andre panel: GENERELL SAKPROSA
Sindre Hovdenakk, sakprosaforfattar og bokmeldar i VG.
Sigrun Slapgard, sakprosaforfattar.

Ordstyrar: sakprosaforfattar Alfred Fidjestøl.

Arrangørar: Norsk Kritikerlag og NFFO.
Spørsmål? Ta kontakt: kristine.isaksen@nffo.no / 952 01 968.

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med uvedkommende. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.