Respekt i handfast form
Det er gode grunnar til å tru at knappare ressurstilgang bidreg til eit tøffare debattklima, difor er det viktig å arbeide for mest mogeleg rettferdig fordeling av ressursane, skriv Merete Røsvik i sin leiar i det nye nummeret av Prosa.
Enno lever vi i uvissa om 2021 vil bli eit betre år enn fjoråret, men det er uansett på sin plass å reflektere over kva sakprosaåret 2020 har gitt oss med på reisa. Årets første Prosa kastar blikket tilbake på både bokutgjevingane og debatten. I sistnemnde fekk eg i ei lite heldig rolle i fjor sommar, då sinna vart sette i kok av den redaksjonelle prosessen som enda med refusjon av Per Hems melding av Halvor Foslis Mot nasjonalt sammenbrudd. Sjølv om eg har vore i debatt og fått kritikk før, var dette mitt første møte med direkte mistenkeleggjering, mistillit og sterkt negativ omtale, og erfaringa har nok prega kva eg tenkjer om den offentlege samtalen.
Utan å fordele skuld må eg konstatere at resultatet av saka vart redusert tillit på mange hald – også for meg. Å observere kommentariatet nytte overflatiske oppsummeringar av hendingar eg kjende frå innsida som utgangspunkt for synsing, var desillusjonerande. Eg erfarte kor mykje vinklinga av ei sak har å seie, og kor viktig det er at det finst motstemmer. For om noko blir gjenteke mange nok gongar og frå ulike hald, blir det gradvis transformert til eit faktum.
Den debatten er berre eitt døme på korleis politisk polarisering eroderer tilliten ved at ideologisk motivasjon som forklaring underminerer alle andre tolkingar. Også rasismedebatten og debatten om fjerning av minnesmerke over historiske personar gav inntrykk av at meiningsutvekslinga stivnar i ideologiske frontar. Skrekkscenarioet er at ein sjølvforsterkande spiral av mistillit endar i rein maktkamp; no for tida er USA det mest nærliggjande dømet på kor ille det kan gå. Det store spørsmålet blir dermed kva ein kan gjere for å skape ny tillit som grunnlag for samtale – eller i det minste hindre at tilliten forvitrar ytterlegare.
Sett frå ein redaksjonell synsvinkel er det påfallande at ein kritisk artikkel om store lønsforskjellar i bokbransjen (Prosa #4 2020) ikkje skapte ein brøkdel av det engasjementet som spørsmålet om motivasjonen bak ein refusjon skapte. Er det symptomatisk for stemninga i ei offentlegheit der merksemdsøkonomien er endå trongare enn pengeøkonomien? I ein mediekvardag der konkurransen om å nå gjennom lydmuren blir stadig hardare, opplever mange å få mindre merksemd enn fortent, og innhaldet i det vesle ein får, blir desto viktigare.
Det kan forklare at debatten om litteraturkritikken har blitt heftigare, som det går fram av Kjerstin Gjengedals sak i dette nummeret. Fleire av dei ho intervjuar opplever at det ligg meir enn fagleg usemje bak debattane. Det er i så fall ei farleg utvikling. Om faglege diskusjonar i aukande grad blir oppfatta som strategiske, kan det i dagens debattklima undergrave tilliten til fagleigheit generelt. Som litteraturforskar Sissel Furuseth formulerer det: «Ein kan lett bli litt sliten og lure på kor djupt meiningane eigentleg stikk. Kan ein alltid tru på det dei skriv?»
Det finst ingen enkle svar på korleis ein kan gjenreise tillit og motverke polarisering, men det verkar som ein god start å vise respekt for andres profesjonalitet, noko som også inneber å yte fagleg basert motstand.
No som mange kulturaktørar er i økonomisk krise på grunn av koronapandemien, er det også grunn til på ny å minne om at pengar er den mest handfaste forma for respekt. Finn Iunker peikar i dette nummeret på kor vanleg gratisarbeid er i bokbransjen. Det er ein ukultur mange av oss har vore med på å oppretthalde, og som vi treng å ta eit oppgjer med.
Det er gode grunnar til å tru at knappare ressurstilgang bidreg til eit tøffare debattklima, difor er det viktig å arbeide for mest mogeleg rettferdig fordeling av ressursane. I vårt hjørne av kulturen betyr det i første omgang solidaritet med dei som er hardast ramma av koronapandemien og anstendig løn for alle typar arbeid, deretter lik royaltysats på sakprosafeltet og det skjønnlitterære feltet og auka budsjett for innkjøp av sakprosa. Verre er det å finne prinsipp for fordeling av den dyrebare merksemda. Håpet må vere at uavhengige redaksjonar tenkjer såpass ulikt at mange får litt i staden for at dei som har mest frå før, stadig får mest.