mai
3.

Naturvitskapleg forskningsformidling

Korleis arbeider ein sakprosaskribent? I vår møteserie Min metode får du innsyn i skrivekvardagane som fører fram til ferdig bok. Få med deg neste arrangement i Min metode-serien der Dag O. Hessen samtalar med Espen Stueland om naturvitskapleg forskingsformidling.

Dag o hessen format foto marianne gjã¸rv juni 2011

Min metode er eit NFF-konsept der høgt akta sakprosaforfattarar og -omsetjarar avslører skrivemetoden sin. I NFFs lokale i Uranienborgvegen 2 i Oslo kjem Dag O. Hessen nærmare inn på skrivetekniske val, researcharbeid og vanskar som oppstod i skriveprosessane. Dette blir det siste Min metode-arrangementet i denne omgangen.

Meld deg gjerne på arrangementet på Facebook.
Ps! Det er ingen påmeldingsplikt, Facebook-påmeldingen er frivillig.

Dag O. Hessen (f. 1956) er limnolog (ferskvannsbiolog) og arbeider innan genetikk og økologi. Tilsett som professor i biologi ved Universitetet i Oslo sidan 1993.Han har skrive mange sakprosabøker om klima, natur, popurlærvitskap og gener for allmennmarknaden. Og han har motteke mange prisar for verksemda si, mellom anna Norges forskningsråds formidlingspris (1998), Universitetet i Oslos formidlingspris (2008), og Fritt Ords honnør (2010).
Tidlegare i år vart Hessen intervjua i spalta Ukas NFFO-er. Les intervjuet her

Espen Stueland (f. 1970) er forfattar og litteraturkritikar. Han har mellom anna skrive boka Gjennom kjøttet. Disseksjonen og kroppens kulturhistorie (2009).

Tidlegare arrangement i Min metode-serien:
15. februar: Tore Rem i samtale med Hans Petter Blad.
16. mars: Bjørn Arild Ersland i samtale med Liv Guldbrandsen.
10. mai: Åsne Seierstad i samtale med Cathrine Sandnes.
13. september: Espen Søbye i samtale med Dag Solstad.
6. desember: Toril Moi i samtale med Tore Rem.
24. januar: Ane Farsethås i samtale med Bernhard Ellefsen.
14. februar: Steffen Kverneland i samtale med Erle Marie Sørheim.
1. mars: Agnete Øye i samtale med Per Qvale.

Har du spørsmål? Ta kontakt med formidlingsansvarleg Kristine Isaksen, kristine.isaksen@nffo.no / 952 01 968.

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med uvedkommende. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.