Desse kan få Rosettaprisen

I slutten av september blir den tredje Rosettaprisen delt ut. Her er dei fem på kortlista!

Her er de fem som kan få den tredje Rosettaprisen. Fra venstre øverst: Thomas Lundbo, Hedda Vormeland og Halvor Kristiansen. Nederst: Tove Bakke og Eivind Lilleskjæret.

Rosettaprisen er Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforenings pris for omsetjing av sakprosaverk.
Prisen blei delt ut for første gong i 2019, og den første vinnaren av Rosettaprisen var Rune R. Moen for omsetjinga av Anne Applebaums Rød sult. I 2020 var vinnaren Birgit Owe Svihus for omsetjinga av Primo Levis Det periodiske system.
Rosettaprisen skal gå til omsetjaren av ei sakprosabok som kom ut året før prisåret, og prisen skal bidra til å auke interessa for omsett sakprosa og løfte fram kvaliteten på utgitte omsetjingar.

Dei fem på kortlista

Juryen, som er samansett av Ole Jan Borgund, Kristina Solum og Susanne Bergan, har no komme fram til ei kortliste av nominerte til årets pris – som blir delt ut på det som er festdagen for omsetjarar, hieronymusdagen, 30. september.
Dei fem på kortlista er:

  • Eivind Lilleskjæret for omsetjinga av Brendan Simms Hitler, utgitt på Cappelen Damm
  • Halvor Kristiansen for omsetjinga av Dave Goulsons Den ville hagen, eller Kunsten å redde verden i egen hage (The Garden Jungle, or Gardening to Save the Planet), utgitt på Press forlag
  • Hedda Vormeland for omsetjinga av Gaston Dorrens Babel – jorda rundt på 20 språk (Babel), utgitt på Pax forlag
  • Thomas Lundbo for omsetjinga av René Girards Syndebukken (Le bouc émissaire), utgitt på Teori & Praksis
  • Tove Bakke for omsetjinga av Emmanuel Carrères Riket (Le Royaume), utgitt på Pelikanen forlag

Kriterium

– Arbeidet har gått svært bra, trass i litt vanskar med å møtast på grunn av koronapandemien, fortel juryleiar Ole Jan Borgund.
– Det er mange gode og spennande sakprosabøker som blir omsette, og omsetjingane held generelt eit høgt nivå. NFFO sender brev til forlaga i god tid og ber dei om å nominere kandidatar, men dessverre kom det også i år inn altfor få nominasjonar frå forlaga. I underkant av 20 titlar av langt over 100 som kunne nominerast. Juryen har derfor innhenta og vurdert andre bøker enn dei førehandsnominerte, og vi har funne mange gode kandidatar blant dei òg. Men forlaga bør absolutt bli flinkare til å nominere sakprosaomsetjingar – dei kan ikkje stole på at Rosetta-juryen finn fram til dei gode bøkene sjølv.
– Kva for kriterium veg tyngst nå de ser etter dei beste omsette sakprosabøkene?
– Det er vanskeleg å trekkje fram nokon kriterium framfor andre. Kvar omsetjing må vurderast ut frå sine premissar. Det er likevel grunnleggjande at omsetjaren evnar å formidle innhaldet og tonen i originalverket. Eg har inntrykk av at vi som sit i juryen, har litt ulike innfallsvinklar til arbeidet. Det gjer at vi utfyller kvarandre, og det er eit godt utgangspunkt for interessante diskusjonar.

Variasjon

– Om det går an å seie noko overordna om dei fem på kortlista: Korleis var det dei utmerkte seg?
– Det mest slåande ved dei fem verka som hamna på kortlista, er kanskje variasjonen, både i innhald og i språkleg stil, frå essayistisk sjølvutforsking til faktatung historisk biografi, frå hagebok til filosofisk avhandling. Omsetjarane har hatt svært ulike utfordringar, og dei har alle løyst oppgåva på framifrå vis.
– Juryen får vel god oversikt over det som rører seg i feltet omsett sakprosa. Er det nokon trendar å snakke om der ute?
– Igjen må eg vise til den store variasjonen i omsetjingane. Det gjeld både fagområde og tilnærming til stoffet. Eg vågar ikkje å uttale meg for bastant om trendar her. Mange har nok inntrykk av at det i dag blir omsett svært mykje britisk og amerikansk faglitteratur, men juryen har også fått gode omsetjingar frå andre språk til vurdering. Likevel er det ein tydeleg dominans av bøker frå Vesten blant fagbokomsetjingane. Det kunne vore interessant å sjå tal på korleis dette har utvikla seg over tid, seier Ole Jan Borgund.

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med uvedkommende. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.