Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening

Desse er nominerte til Rosettaprisen!

Dei nominerte til den fjerde Rosettaprisen er klare!

Img 5539
De nominerte til Rosettaprisen: Christian Rugstad og Rune R. Moen (øverst til venstre). Hege Mehren (f.v. nederst), John Grande og Mette Heuch Berg.

Rosettaprisen er Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforenings pris for omsetjing av sakprosaverk.
Prisen blei delt ut for første gong i 2019, og den første vinnaren av Rosettaprisen var Rune R. Moen for omsetjinga av Anne Applebaums Rød sult. I 2020 var vinnaren Birgit Owe Svihus for omsetjinga av Primo Levis Det periodiske system og i 2021 vant Tove Bakke prisen for sin oversettelse av Emmanuel Carrères bok Riket.
Rosettaprisen skal gå til omsetjaren av ei sakprosabok som kom ut året før prisåret, og prisen skal bidra til å auke interessa for omsett sakprosa og løfte fram kvaliteten på utgitte omsetjingar.

Dei fem på kortlista

Juryen, som er sett saman av Ole Jan Borgund, Ika Kaminka og Geir Uvsløkk, har no komme fram til ei kortliste av nominerte til årets pris – som blir delt ut på det som er festdagen for omsetjarar, hieronymusdagen, 29. september.

Dei fem på kortlista er:

  • Mette Heuch Berg for omsetjinga av Aristoteles` Om tilblivelse og undergang, utgitt på Vidarforlaget
  • John Grande for omsetjinga av Patrick Radden Keefe Si ingenting: En sann historie om mord og terror i Nord-Irland, utgitt på Cappelen Damm
  • Hege Mehren for omsetjinga av James Rebanks Livet på landet: En felles arv, utgitt på Forlaget Press
  • Rune R. Moen for omsetjinga av Mai Thi Nguyen-Kims Magien med kjemien, utgitt på Gyldendal
  • Christian Rugstad for omsetjinga av Daniel Mendelsohns Tre ringer: En beretning om eksil og skjebne, utgitt på Forlaget Press

Juryen skriv om arbeid sitt med nominasjonane:

“Det mest slåande ved dei bøkene som er vurderte, er den enorme variasjonen. Bøkene dekkjer store delar av spekteret av det sakprosa utgjer, og vi har lese alt frå teikneseriar til filosofiske traktatar, vi har lese bøker for og mot aktuelle saker, thrillerliknande krigs- og terrorskildringar frå gamle og nye konfliktar, vi har lese om fotball, filosofi og kristenliv, og langsame meditasjonar over språklege og eksistensielle spørsmål, og mykje anna.
I alt dette mangfaldet er det ei form for einfald som slår ein: engelskdominansen. For sjølv om juryen har vurdert omsetjingar frå ti ulike språk, er langt dei fleste – dei fleste vurderte, dei fleste nominerte og dei fleste publiserte – på engelsk. Med svensk som ein god nummer to. Det er tankevekkjande at dei to språka nordmenn meiner seg best i, er dei det vert omsett mest frå.”

Les meir om juryarbeidet i lenka under.

Me gratulerer dei nominerte til Rosettaprisen!

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med noen tredjepart. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.