Nytt Prosa ute

Fagfornyinga er temaet i det nye nummeret av Prosa som kjem ut i desse dagar.

Merete
Prosas redaktør Merete Røsvik.

– Eg ville lage eit nummer om Fagfornyinga rett og slett fordi det er ei viktig hending når nye læreplanar blir tatt i bruk og nye, tilpassa lærebøker kjem ut, seier Prosas redaktør Merete Røsvik.
– Det er sjølvsagt definerande for kva skulegang barna får i tida framover, men kompetansemåla og dei nye tverrfaglege temaa seier også mykje om samfunnet vårt akkurat no. Ein rekk jo ikkje over alt, men eg ønskte å løfte fram både lærebøker og sakprosa retta mot dei som jobbar i og med skuleverket. Og i den samanhengen er jo også bruken av digitale verktøy eit uomgjengeleg tema.

Skribentane hatt mykje å seie både for vinkling og bokval, seier Røsvik.
– Eg har vore så heldig å få engasjert folk som i tillegg til å skrive godt har gode idear og – ikkje minst – eiga erfaring med undervising. Som eg også skriv i leiaren, meiner eg at erfaringa med å omsetje ulike teoretiske perspektiv til praksis er den relevante konteksten når tekstane som skal lære elevane å tenkje kritisk, sjølv skal granskast. Det gir eit godt utgangspunkt for både vurdering og vidare refleksjonar.
– I den samanhengen vil eg gjerne framheve essayet til filosof Aasne Jordheim. Ho går laus på dei eksistensielle sidene av kritisk refleksjon og effekten den kan få på studentane. Det er spennande lesing, synes eg, og det håper eg mange andre også synes!

Les meir om Prosa her

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med uvedkommende. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.