Stabilt høge søknadstal
Første søknadsrunde med nytt elektronisk søknadsskjema gjekk knirkefritt, og søknadstala i vår ser ut til ende godt over 700.
Mandag 16. april vart ein travel dag i NFFO-administrasjonen. Mange stipendsøkjarar ønskte hjelp og gode råd rett før søknadsfristen gjekk ut kl. 15.00. Oppteljinga etter at søknadsskjemaet vart stengd viste at nærare 700 søknader var levert. I tillegg kjem papirsøknadane som enno ikkje er mottekne. Sjølv om rekorden frå i fjor haust ikkje vart slått, er det likevel eit høgt tal.
– Søknadstala ser ut til å leggje seg på eit stabilt høgt nivå etter tredje utlysingsrunde sidan vi innførte to årlege søknadsfristar. Talet på søkjarar er endå høgare, sidan nokre prosjekt har fleire medforfattarar, fortel Iris Furu.
– Inntrykket er at det er mange debutantar blant søkjarane, og det er vi veldig glade for, seier Furu vidare.
Denne søknadsrunden vart også elddåpen for det nye elektroniske søknadsskjemaet som prosjektleiar Knut Strand har hatt ansvar for. Og han er særs nøgd.
– Det var litt fleire enn tidlegare som trengde hjelp til innlogging og innsending av søknaden, men det er å vente når ein introduserer eit nytt system. Teknologien har vist seg å fungere etter planen. Vi var godt rusta til å hjelpe søkjarane, og alt har gått knirkefritt, seier Strand.
Både han og Furu gler seg til å ta i bruk den nye heildigitale løysinga til gjennomgang av søknadane. Etter at administrasjonen har sjekka at alle formelle krav er oppfylt, går søkandane vidare til stipendkomitéane under Det faglitterære fond. Søkjarane kan vente seg svar rundt midten av juni.