– Sakprosalitteraturen er ein heilt avgjerande viktig leverandør av kunnskap til den offentlege samtalen

Norsk Tidsskriftforening har kåra Prosa til årets tidsskrift!
– Ei stor ære, sier redaktøren Merete Røsvik.

Nffo prosa merete røsvik 014 181008 lite

Årets tidsskrift 2023 er kåra, og Prosa gjekk for aller første gong til topps i hovudkategorien. Denne og tre andre prisar blir delte ut på Litteraturhuset i Oslo torsdag 30. mars kl. 18, eit arrangement som er ope og gratis for alle.
Juryen skriv mellom anna dette om Prosa:
«Årets vinner presenterer sakprosafeltet på en slik måte at både de store linjene og enkeltaktørene kommer tydelig fram.»
Les meir av grunngjevinga frå juryen på nettsida til Norsk Tidsskriftforening.
For no skundar vi oss ned i kjellaren og møter ein glad prismottakar.

– Gratulerer med gjev pris! Det er jo første gong Prosa vinn denne. Kva for suksessformel har du gått inn i redaktørgjerninga med?
– Takk for det! Prosessen har nok vore meir famlande enn som så, men ein pris gjer noko med korleis ein ser seg tilbake, ja. Eg har lagt stor vekt på å jobbe redaksjonelt med kvar tekst. Målet har vore at kvar skribent skal få behalde den særeigne stemma si, samtidig som teksten kommuniserer godt også til lesarar som ikkje har same type forkunnskap. Eit viktig suksesskriterium er forresten også å ha NFFO i ryggen! Eit solid budsjett, administrativ støtte og full redaksjonell fridom gir Prosa eit utgangspunkt for å levere kvalitet som er ganske eineståande, i alle fall blant kulturtidsskrifta.
– Hovudgrepet i planlegginga har vore å lage temanummer. Av og til har eg tatt utgangspunkt i aktuelle hendingar, som fagfornyinga eller skeivt kulturår, andre gongar har eg fokusert på noko ved utviklinga i bokbransjen, som sakprosa i nye format. Det har også hendt at tema har blitt formulert på grunnlag av tekstar skribentar har foreslått sjøve. Sånn har det til dømes vore med neste nummer, som har temaet «revisjon».
– Korleis har denne arbeidsmåten fungert?
– Den har gjort det enklare å vurdere og prioritere. For sakprosafeltet er så mangfaldig at det som eigentleg er eit luksusproblem, kan kjennest som litt av ei knipe; det er så mykje eg ikkje får gjort! I løpet av fire i år redaktørstolen har eg rekt å skuffe ganske mange håpefulle forfattarar og omsetjarar. Og fleire skal det bli, det er uunngåeleg. Då er det endå godt at skarpe lesarar, som Tidsskriftforeningens jury, synes at resultatet har blitt bra.

– Du har no fire år bak deg i redaktørstolen og har med det fått sett djupt inn i sakprosaens sjel. Korleis ser det ut der inne?
– Sjela, ja! Du veit at Prosa i teorien skal dekkje alt frå bøker om hagestell til lærebøker på alle nivå, offentlege rapportar og omsett filosofi? Og barnebøker så vel som historikarstridar?
– Men om eg skal peike på noko, må det vere at mykje sakprosa er drive av eit sterkt samfunnsengasjement. Også høgst personlege forteljingar, som det etter kvart har blitt mange av, er tydeleg prega av vilje til å bidra til forbetringar i samfunnet. Sakprosalitteraturen er ein heilt avgjerande viktig leverandør av kunnskap til resten av den offentlege samtalen, samtidig som bøkene sjølvsagt treng kritiske lesarar. Eg håper at Prosa har bidratt til både å gi kunnskapen vidare og yte naudsynt motstand.

– Er det noko som har overraska deg med norsk sakprosabransje i desse åra?
– Ja, at svært dyktige folk ofte er så smålåtne på eigne vegne. Nokre få får mykje merksemd, men det finst mange fleire som skriv flott prosa basert på mange år med studiar utan at det blir gjort så mykje vesen av det verken av dei sjølve eller andre. Skjønnlitteraturen har høgare prestisje og kjendisfaktor, men sakprosa av alle slag betyr vel så mykje for mange av oss. Dette burde sjølvsagt både innkjøpsordninga, royaltysatsen og den generelle statusen spegle.

– Bortsett frå å vinne pris: kva for høgdepunkt vil du trekke fram frå tida di i Prosa?
– Bortsett frå lunsjen saman med alle i NFFO og Fritt ord, altså? Å få jobben i utgangspunktet var eit tidleg høgdepunkt! Elles var eg nøgd med å få ut eit godt temanummer om bokmessa i Frankfurt før den gjekk av stabelen, noko som kravde eit framskynda og konsentrert løp min første haust i stillinga. Dei tilbakeskodande artiklane i høve Prosas 25-årsjubileum, med påfølgjande podkastinnspeling som alternativ feiring under koronapandemien, blei bra, synes eg.
– Og så har det vore spesielt givande å jobbe med seriar som Folkelesnad, Tidsskriftsturné, Mellom menneske og manus og Kampen for det frie ordet. Heldigvis er det å få inn kunnskapsrike og gjennomarbeidde tekstar, og gå i dialog med skribentane om kva som kan løfte heilskapen endå nokre hakk, høgdepunkt eg som redaktør får oppleve igjen og igjen.

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med uvedkommende. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.