Tillitsvalgt i NFFO

Jørn Øyrehagen Sunde

– Å skriva er for meg som å snakka, og i begge tilfelle renn eg over av ord som bare må ut, seier Jørn Øyrehagen Sunde.

Navn: Jørn Øyrehagen Sunde
Bosted: Vaksdal
Alder: 52
Siste bok: Kongen, lova og landet
Verv i NFFO: Leder i NFFO si Anke- og vurderingsnemnd

– Kva er mest gjevande med vervet i NFFO?
– Drivkrafta bak å ha verv i NFFO har heile tida vore at eg er nyfiken. Gjennom verva har eg fått kunnskap om og kome i kontakt med personar og prosjekt som utviklar gode sakprosaidear. Dermed har eg lært litt meir om verdas endelause kunnskapsmangfald.

– Kva ville du gjort for faglitteraturen om du var kulturminister for éin dag?
– Som minister for ein dag ville eg ha innført ei ordning for at sakprosa skal verta meir synleg på bokmarknaden. For det vert skrive veldig mykje bra sakprosa i Norge. Men det er så mykje kamp om merksemda i det offentlege rom, at det er vanskeleg for sakprosaforfattarar å visa igjen, og dermed verta lest.
– Eg ville difor ha løyvd midlar til sakprosa-appen, med tilhøyrande herlegdomar. Utgangspunktet skulle vera at ein tilsett ved eit norsk bibliotek kvar dag la ut ein tekst på 200 ord om ei av årets saksprosabøker som hadde gjort inntrykk. Ved sida av at folk kunne lasta ned appen og få slike daglege nyhendebrev, skulle tilrådinga òg koma opp på skjermar på offentlege transportmiddel som ein reklame for sakprosa. Og på alle bibliotek skulle tilrådinga og boka vera dagens utstilte bok. Slik ville norsk sakprosa vert meir synleg.

– Kva må gjerast for å auka lesedugleiken og leselysta til dei unge?
– Dersom vaksne vil at unge skal lesa meir bøker, må dei lesa meir sjølve. Kor mange vaksne ser eg på trikk eller tog, torg eller i park, på kafé eller ventrom som les ei bok? Om lag like mange som det er unge som gjer det. Det er ikkje die unge som har slutta å lesa bøker og i staden stirer i ein skjerm. Det er vaksne som har gjort det, og die unge følgjer bare deira eksempel. I dette, som i så mykje anna, bør vaksne slutta å syta og klaga og heller gå i seg sjølv og spørja: Er eg eit godt eksempel for dei unge?

– Kva er den beste setninga du har skrive?
– Dersom eg får lov, vil eg framheva to setningar eg skreiv for mange år sidan i ein artikkel kalla «Til kamp». Artikkelen handla om framtida til nynorsk som ei språkform for juristar. Der skreiv eg at «ein må straks setja puristane innan det nynorske rettsspråket på Skrattaskjær. Der får dei bare drukna i gamla ideologi slik Olav Tryggvason let seidmenne drukna». Bakgrunnen for utsegna er irritasjon over at nynorskbrukarar er så strenge med kvarandre at mange føler ein ikkje kan skriva halvgodt nynorsk. Difor vel dei i staden å skriva halvgodt bokmål. Sidan dei fleste av oss er halvgode i det meste, inkludert gramatikk og syntaks, fører den strenge nynorskpuritanismen til at nynorsk som skriftspråk langsamt døyr ut.

– Kva gjer du når du står fast i skriveprosessen?
– Eg kan ikkje hugsa at eg nokon gong har stått fast i ein skriveprosess. Det å skriva er for meg som å snakka, og i begge tilfelle renn eg over av ord som bare må ut. Difor kjempar eg aldri med å produsera tekst, bare med å få nok tid til å skriva alt som ligg meg på hjarta.

– Kva skriv du akkurat no?
– No skriv eg på ein sint pamflett om den klassedelte rettsstaten. Etter å ha formidla om Magnus Lagabøter og Landslova i ganske nøyaktig eitt år etter at eg gav ut Kongen, lov og landet, har eg ein stor trong til å venda merksemda mi og andre si mot manglar i vår eigen rettsstat. På den eine sida er rettsstaten i Norge formelt mellom dei beste i verda. Vi har ein stat som heller styrer gjennom lov enn gjennom vilkårleg makt, og vi har lite korrupsjon.
– Men samstundes har ikkje innbyggjarane i Norge reell tilgang til å få prøvd sine rettar for domstolane. Talet på saker for sivile saker for norske domstolar er i dag bare 50 prosent høgare enn for 60 år sidan, medan folketalet er meir enn dobla, og folke sine samfunnsaktivitetar og rettar meir enn mangedobla. Årsaka er at det rett og slett er for dyrt å få prøvd si sak for norske domstolar. Det seier sitt at småkrav, krav som er så ubetydelege at full rettstryggleik ikkje er nødvendig, er alle sivile krav med ein verdi opp til 200 000. Det betyr at domstolane har vorte ein tumleplass for det offentlege, verksemder og velståande personar. Alle andre må ta til takke med dårlege forlik eller å gje opp sine krav.
– Kostandane med å føra ei sak for norske domstolar har dermed gjort at det meir og meir er fritt fram for dei bøllete. Dermed er det ikkje lov men vilkårleg makt som rår, trass i at det ikkje er den norske staten som direkte er skuld i maktovergrep.

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med uvedkommende. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.