juni
1.

Bokhandelens sakprosaprisar

Bokhandelens sakprosapris er Norges einaste omsetjarpris som berre går til sakprosa. Også ein lovande sakprosaforfattarskap mottek prisen. Bli med på utdelinga i Lillehammer!

Prisvinnarar
Vinnarane i 2017 var forfattar Marianne Neerland Soleim og omsetjar Espen Ingebrigtsen. Foto: Atle Nielsen/BOK365

Bokhandelens sakprosaprisar blir årleg tildelt lovande forfattar- og omsetjarskap i etableringsfasen. Dei blir delte ut i samarbeid med Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO), og juryen er nedsett av NFFO. I år består juryen av Espen Søbye, Arnhild Skre og Per Qvale.

Prisane har eksistert sidan 2011 og arrangementet finn stad under Norsk Litteraturfestival på Lillehammer. I år er det Trine Stensen frå Bokhandlerforeningen som deler ut prisane. Kvar vinnar får 50 000 kroner. Etter prisutdelinga vil dei ferske prismottakarane samtale med bokhandlar Christin Kramprud, Gravdahl bokhandel.

Tidlegare vinnarar:

2017: Marianne Neerland Soleim (forfattar, Orkana Forlag ), Espen Ingebrigtsen (omsetjar, Spartacus)
2016: Kristin Fridtun (forfattar, Samlaget), Oda Myran Winsnes (omsetjar, Solum)
2015: Erika Fatland (forfattar, Kagge), Pål H . Aasen (omsetjar)
2014: Maria Berg Reinertsen (forfattar, Cappelen Damm), Eivind Lilleskjæret (omsetjar)
2013: Markus Lindholm (forfattar, Spartacus), Rune R. Moen (omsetjar)
2012: Bår Stenvik (forfattar, Cappelen Damm)
2011: Alexander Leborg (omsetjar)

Velkommen!

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med uvedkommende. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.