Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening

september
11.

Skrivekurs i Oslo med Ivo de Figueiredo

Bli med på kurs med Ivo de Figueiredo: Skrive for livet. Hvordan bli en god sakprosaforfatter!

Ivo lav

Merk: Skrivekurset 11. september er no fullteikna. Grunna stor pågang har me sett opp ein ekstra kurskveld i Oslo, onsdag 12. september kl.18-21. Sjå kalenderen vår for meir informasjon og påmelding.

«If you can’t do it, teach it» – seier dei som ikkje har greie på undervising. Alle har mme site på skulebenken, og alle har vi vel også erfart kor avgjerande det er kven som står ved kateteret. Og kven er vel nokon gong utlært?

NFFO har rundt 5500 medlemmar som er tatt opp på grunnlag av publisert tekst, likevel tilbyr me i september kurs med forfattaren Ivo de Figueiredo over heile landet for dei som vil bli endå betre sakprosaskribentar. Kurshaldar Ivo de Figueiredo har ekspertise i både sak og formidling. Han er ein prisløna sakprosaforfattar, er tidlegare leiar av Aschehougs sakprosaskule og har mange års erfaring med å halde skrivekurs.
Velkommen til skrivekurs i NFFOs lokale, Uranienborgvegen 2, tysdag 11. september kl. 18-21.
Kurset er gratis for NFFO-medlemmer.

Som medlem skal du ha motteke ein invitasjon på e-post med lenkje til påmelding. Ver god å melde deg på via denne lenkja. Me tek ikkje påmelding på e-post.
Har du ikkje motteke e-posten med påmeldingslenkja, ta kontakt med administrasjon på telefon 22 12 11 40.

Påmeldingsfristen er sett til 4. september.
Påmelding for ikkje-medlemmer: Kristine Isaksen kristine.isaksen@nffo.no
Kursavgift: NFFO-medlemmer: gratis. Ikkje-medlemmer: 900 kr.

Les intervju med Ivo de Figueiredo her

Motta vårt nyhetsbrev

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med noen tredjepart. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.